Bilete frå 2005

Bilete frå 2005

 

 

Helga 10-11. september

Hjortejakta hausten 2005 starta med strålande ver og Guddal viste seg frå si beste side for gjestejegarane frå Horten/Oslo som kom over helga 10-11. september for å jakta hjort med oss: Stein, Terje, Håkon og Stian.

Utsikt mot Ulvanosa tidleg laurdag 10. september under marsj til postar. Strålande ver!

Mautpause i Solheimslia. Frå venstre Knut, Stein, Terje, Håkon og Stian (fremst). På denne turen skaut vi to hjortar som vi slakta på plassen og bar ned på dalen.

Jenter med godt humør under slakting. Frå venstre Jorunn, Grete og Berit.

 

Dagen etter starta Stein med å skyta kolle og kalv i hogsfeltet til Torstein ovanfor Hønshaugkjerret. Som biletet viser er det ein svært stolt jeger som viser fram sine to fyrste sjølvskotne hjortar.

 

Også Jorunn debuterte som hjortedrepar denne dagen og skaut kolla og “pikhydning” ved bekken ved “Nedste myr”. Frå venstre Geir, Jorunn, Bjarte, Stian (fremst) og Berit.

Else kom med Cider og vafler og gjorde stor stad på Jorunn. I alt vart det skote 6 hjortar denne helga som vart svært velukka på alle vis.

 

Helga 17-18. september

Også denne helg fekk vi godt ver og vi hadde gjester med oss frå Porsgrunn/Oslo: Davit og Nils Johan.

David starta med litt jakt på fredagen oppe på Kvitebakka men fekk raskt selskap av stutane, ikkje den  beste staden for postering nei. Frå venstre: Bjarte og David

 

Litt lenger oppe fekk David flaks og felte sin første hjorte, ein kalv.

Seinare fekk han også felt ein rev og ein kalv til,- to kalvar og ein rev – ikkje verst.

Nils var ikkje fullt så heldig men fekk ein fin tur og sto på som ein helt, her under marsj inn til Solheimslia.

Slakting i Solheimslia: Geir, Bjarte og Nils

 

Vi skaut to hjortar denne laurdagen, her har deler av jaktlaget matpause midt på dagen. Får venstre: Bjarte, Gaute, Geir, Jarle og Jorunn.

Jorunn i godt strok….

Denne blåsen var nok ikkje sunn. Jeger var Gaute.

 

15. oktober

Siste jaktdag vart 15. oktober.

Frå under Myr: Tore, Jorunn, Geir og Harald.