Bilete frå 2006

Bilete frå 2006

 

Klikk  på bileta for å sjå desse i full storleik i eige vindauga.

Helga 16.-17. september

Som i fjor kom desse jegerane frå Horten/Oslo over fjellet for å jakte saman med oss fyrste jakthelga: Stein, Terje, Håkon og Stian Johansen.

På same vis som året før fekk vi ei helg der Guddal viste seg frå si beste side med strålande ver, like godt humør i jaktlaget og god utteljing.

Stian med sin fyrste felte hjort og den fyrste i Guddal 2006 – ein hankalv skoten på Tollen på veg opp til Solheimslia.

 

Mange hjelpande hender, frå venstre Terje, Stian, Stein (ryggen til), Bjarte og Håkon.

 

Stein og Terje arbeider med stor konsentrasjon.

Fleire bilete har vi diverre ikkje frå denne helga. Fem hjortar vart skotne: ein av Stian, ein av Tore, to av Håkon og ein av Stein.

Helga 22-24. september

Også denne helga fekk vi makelaust godt ver og vi hadde som i fjor med oss gjestene David og Nils, nye gjester av året var Bjørn og Alf Gunnar.

Gjestene og Bjarte Guddal “tjuvstarta” jakta på fredagen med ei historisk lurejakt heilt inn til Tadnaren (mellom Lovatnet og Hildalsvatnet, der dalen gjer ein 90 graders sving).

Nils i full gru i Lobakkane. Nedanfor ser vi David i eit antrekk som høver bra til det gode veret…..

 

 

Som nemnt vart det jakta heilt inn til Tadnaren (til venstre på biletet ovanfor). Midt i biletet ser vi elva som renn ut av Svelgurane. Desse urane “svelgjer” vatnet frå Hildalsvatnet.

 

Det vart felt ein spissbukk oppe på Tadnareluren. Natta kom på og karane laga seg ei båre som bukken vart teken heim på!

 

Dagen etter vart det dreve opp på begge sidene av Kvamsbekk. Bjørn felte denne fine kolla på 57 kg, den var utan kalv og i god stand.

Denne sjutaggaren vart felt av Nils. Frå venstre: Nils, David, Alf Gunnar, Geir, Kenneth, Bjørn og Bjarte.

Nils bar trofeet heim.

Tid for kvile og mat. Torstein og Bjarte i drøs.

Jakt er gøy!

That’s all folks! Ta kontakt om de har bilete som skulle vore med.