Bilete frå 2008
Jakta i 2008 vart nok eit godt jaktår i Guddal med 14 felte dyr. Veret var stort sett godt.
Helga 13.-14. september
Også i år kom venene våre frå Horten/Oslo over fjellet for å jakte saman med oss fyrste jakthelga: Stein, Terje og Håkon Johansen.
Fyrste jaktdagen gjennomførde vi eit jag opp mot jegerar postert høgt oppe i den heimlege delen av terrenget.
Jagarane Torstein og Anna Kirsten på veg opp.
(Foto Anna Kirsten Hellevang)
Matpause oppe på Kvamskult. Frå vesntre: Einar, Tor Helge, Magne(bak), Tord og Grete.
Pause under marsj ned til Gamlestøl.
Det vart observert lite dyr og ingen dyr vart skotne denne fyrste jaktdagen. Ei forklaring på det relativt grisne utvalet av hjort er at beita i fjellet framleis var gode. I tillegg til dette hadde det vore sterk vind nedover dalen i fleire dagar, det vart difor spekulert i om hjortane hadde trekt innover.
Vi bestemte oss difor å gjennomføre neste jaktdag langt inne i dalen,- med jag frå Lovatnet mot Teigen. Dette vart ein suksess og det vart felt tre dyr på post i Teigen, alle av familien Johansen.
(Foto Anna Kirsten Hellevang)
Jegeren Terje med ein av dei to hjortane sine i Teigen. Terje er frå venstre omkransa av Anna Kirsten, Torstein, Olav, Geir, Håkon og Jorunn.
(Foto Anna Kirsten Hellevang)
Hjortane vart denne gongen dregne ned frå Teigen, legg merkje til den hårlause ryggen på det eine dyret. Dette var ein tung jobb og sveitten rann. Bak frå venstre: Anna Kirsten, Stein og Torstein. Framme frå venstre: Håkon, Terje, Olav og Geir
Helga 20-21. september
Også i år kom gjestene våre frå Oslo og Porsgrunn kom med godt humør og den vanlege energien. Som i fjor kom Nils og Bjørn Tufte, David Ramslien og Johannes Elgvin. Som vanleg kom også Bjarte Guddal heim for å delta i jakta denne helga, i år hadde han med seg sonen Martin og kameraten hans – Jonas. Det bør nemnast a sistnemnde også er son til Nils Tufte.
Her ser vi Martin og Jonas på tur innover dalen på firhjulingen til familien Tufte.
Som vanleg hadde gutane seg ein tur innover i dei indre delene av terrenget på fredagen og som vanleg vart det ein jakttur utanom det vanlege. Nils skaut ein storbukk ved Lohaugen som vart vegd til 136kg, den faktiske vekta er truleg ca. 140kg då det vart kasta ein god del feitt under slaktinga som føregjekk i terrenget. Bukken var i svært god stand og hadde eit gevir med 11 taggar.
Ein del av det stolte jaktlaget rundt storbukken. Frå venstre: Bjørn, Johannes, Jonas, Martin, Nils og Bjarte.
Jonas og Martin bak bukken.
Nils under vekta av trofeet som vart bore heim for preparering.
På laurdagen var det jakt i Solheimslia. Biletet ovanfor viser slakting ved Arjurbekken. Dei to personane nærast på biletet er frå venstre Bjørn og David,
Dette biletet er frå slakting i Solheimslia. Frå venstre: Johannes, Gaute, Magne, Geir og Bjarte.
På tide med pause. Frå venstre: Magne, Gaute, Bjarte, Bjarte, Johannes og Kenneth.
Flott utsikt frå Solheimslia.
Resten av jakta
Etter dei to fyrste helgane hadde vi 7 dyr att av kvoten, fem av desse blei felt 4. oktober under jaktleiing av Knut Eik. Dei to siste dyra vart felte på beitejakt seinare på hausten.
Gaute og Torstein under slakting i Gråhammar lia.
Det var alt folkens!
Takk til alle som har bidrege med bilete.
Ta kontakt om de har bilete som skulle vore med.