Bilete frå 2009

Bilete frå 2009

Helga 12.-13. september

Dette året fekk vi nye gjester første jakthelga: Trygve Espeland, Stig Jacobsen, Kenneth Jacobsen og Helge Bøe

Fyrste jaktdagen gjennomførde vi i dårleg vêr eit jag opp mot jegerar postert i Solheimslia. Vi fekk ikkje felt dyr denne fyrste jaktdagen.

Andre jaktdagen fekk vi fint vêrsom vanleg førte dette til god jakt. Det vart postert i Teigen og jag gjennomført frå Lobakkane/Fossen. Resultatet vart to dyr felt i Teigen og to dyr felt på Raunes.

Utsikt frå Teigen.

Jaktlaget

Helga 19.-20. september

Også i år kom  gjestene våre frå Oslo og Porsgrunn med godt humør og den vanlege energien: Nils og Bjørn Tufte,  David Ramslien og Johannes Elgvin. Som vanleg kom også  Bjarte Guddal heim for å delta i jakta denne helga.

Fyrste jaktdagen vart gjennomførd i Solheimslia med eitt felt dyr

Samling ved Arjurbekken for slakting

Johannes i godt humør

Sundagen jakta vi lenger heime med mange skotsjansar men ingen felte dyr.

Pause ved Gamlestøl på veg heim.

Totalt vart det felt 5 dyr denne helga, 4 dyr heime på beita.

 

Resten av jakta

Jakta i 2009 vart nok eit godt jaktår i Guddal og vi fekk felt alle dei 14 dyra vi hadde løyve på.

Takk til alle som har bidrege med bilete.

Ta kontakt om de har bilete som skulle vore med.