Bilete frå 2011

Bilete frå 2011

Bilete frå  2011

Jakta i 2011 var god med  20 felte dyr og godt vêr. Nedanfor finn du ein del bilete som vart tekne i løpet av jakta.

Tips: Dersom musepeikaren skiftar til ein neve når ein fører peikaren over eit bilete, kan dette biletet opnast i full storleik i eige vindauge ved å dobbelklikke.

Helga 10.-11. september

Som i fjor fekk vi med oss Statoil-karane Tor Helge, Henrik og Hogne. Ny gjestejeger av året var Rune. Alle saman i toppform og i godt humør. Vi starta jakta med eit drev til postane i Teigen. Her ser vi jegerane på vegen opp:

Frå venstre: Henrik, Tor Helge, Hogne og Kenneth.

Denne gongen hadde vi fotografen Sveinung med. Nedanfor ligg det ein serie bilete som vart teken mot posten til Hogne i det han feller eit dyr som går forbi:

To knall og to dyrefall på posten til Hogne!

Takk til Sveinung for artig biletserie, nedanfor fylgjer nokre til frå turen.

 

Det manglar ikkje på brakje i Teigen, her der det Tore som kjem fram.

 

Pause i eit lite felt som er rydda for brakje i sommar.

Flott utsikt.

 

Dyra som Hogne skaut vart slept heim for slakting. Her frå ein liten pause i Eikovdedalane. Frå venstre Rune, Olav, Hogne, Sigurd, Einar, Tor Helge og Henrik.

 

Siste transportbiten fekk dyra på lasteplanet til Henrik sin pick-up.

 

Helga 17.-18. september

Tradisjonen tru kom våre vener frå Oslo og Porsgrunn over fjellet for å delta i denne andre helga i jakta.

Fyrste jaktdagen vart gjennomført høgt oppe i terrenget. Knut skaut to dyr på vegen opp, det eine ein bukk ved Arjurbekken.

Den stolte jeger Knut til høgre og Kenneth til venstre.

Bukken må fram til slakteplass. Frå venstre: Knut, Jorunn, Tore, Kenneth og Bjarte. Bak i blå jakka: Berit.

Og så på lufta, ……tungt… Frå venstre: Berit, Kenneth, Bjørn Øyvind, Kenneth og Knut.

Litt lettare slakt. Her kalveslaking ved Bjarte og Geir.

Som sagt: flott vêr og fin utsikt.

Helga avslutta vi med eit jag til Teigen. Johannes skaut ein ni-taggar på post og fekk sitt trofé:

 

 

 

Helga 15.-16. oktober

Denne helga skaut vi 8 dyr, og dermed vart jakta avslutta med i alt 20 felte dyr.

Takk til alle som har medverka  med bilete: Sveinung, Einar, Magne, Bjørn-Øyvind og Kenneth.