Bilete frå 2013

Bilete frå 2013

Jakta i 2013 var middels god med  14 felte dyr av ein kvote på 21. Hovudårsaka til den moderate jakta var truleg dårleg vêr under store deler av jakta. Utover hausten vart det stadig fleire dyr å sjå i terrenget.

 Nedanfor finn du ein del bilete som vart tekne i løpet av hausten.

Jakttårnet

I løpet av sommaren fekk vi satt opp eit jakttårn på Kvitebakka.

 

Tore, Olav Sr. og Geir var viktige bidragsyterar, men også Knut, Magne, Olav Jr., Einar og Arne var med. Takk til alle!

Jakta

Jakttårn er ein måte å kome seg opp i høgda, her har Kenneth funne ein annan. Jakta er i gang!

 

Har Sveinung noko på kornet?

 

Nei, det var vist berre testing av siktemiddel.

 

Utsikt innover.

 

Pause i regn på gamlestøl.

 

Johannes felte ei fin kolle frå yndlingsposten sin i Teigen – den vart i år døypt Johannesburg!

 

Frå same post felde Bjørn også ei kolle seinare på hausten. Dette var første gong han jakta på hjort og fekk full  klaff på første forsøk! Gratulerer!

 

Bak frå venstre: Steinar, Tore, Olav og Gaute. Framme frå venstre: Geir, Jorunn og Bjørn

Som nemnte var det mykje dårleg vêr. Dette får ta hovudskylda for at det ikkje vart teke fleire bilete frå jakta. Dette må skjerpast neste år.