Bilete frå 2014

Bilete frå 2014

 

Jakta i 2014 var relativt dårleg med 7 felte dyr av ein kvote på 19. Det er nok litt mindre dyr i terrenget enn tidlegare, men “sett hjort” statistikken viser at mengd observerte dyr ikkje er vesentleg mindre enn tidlegare, så det dårlege resultat skyldast også dårleg utteljing.

 Nedanfor finn du ein del bilete som vart tekne i løpet av hausten.

Sigbjørn Guddal på 7 år fekk 14. september vera med pappa på jakt for fyrste gong. Vi gjekk jag frå Furuhaugen til Solheimslia. Dette vart ein suksess og vi klarde å pressa ein bukk opp til Tore som ikkje lar slike sjansar gå frå seg.

Her poserer jeger Tore og jagar Sigbjørn med trofeet.

Dyr støkte av jagarane på veg oppover frå Fossen

27. september hadde vi jag i Teigen i pøsande regn. Bukken ovanfor vart skoten på veg opp Bjødnastigen og fall ca. 200 meter nedover før den stoppa.

Bjørn var effektiv og fekk skote ein bukk på Øvste Myr 4. oktober. Han fekk festa skotet festa på videoen som du kan sjå her.

Bjørn, bukken og deler av jaktlaget.

Fornøgd jeger

Tunge tak med slakting på lia før heimtransport

Dessverre hadde vi ein uheldig haust med to ettersøk. Det eine ettersøket følgde ein hjort frå Solheimslia, heimover, ned på dalen, og så over elva til Naterstad der hjorten vart skoten. Stor takk til Kvinnherad ettersøkslag for kjempeinnsats.