Bilete frå 2017
Bilete frå 2017
(oppdatert 2017-11-30)
Jakta
Jakta i 2017 gjekk veldig fort og stort sett i greitt vêr og under gode tilhøve. Kvoten vår var på 11 dyr, men kunne vore ein god del større ut frå kor mykje dyr det var i terrenget og kor effektivt vi jakta.
Nedanfor finn du ein del bilete som vart tekne i løpet av hausten.
Startar med det tradisjonelle biletet frå godposten i Solheimslia.
Viltkameraene er etterkvart blitt veldig gode. Nedanfor følgjer nokre bilete tekne med eit viltkamera plassert i Lohaugen i sommar. Det svinsa to koller med kalv rundt på haugen innafor rekkevidda til kameraet:
Flotte dyr, så fine at sjølv den mest hardbarka tenkjer sitt før jakta….
Men jakta skal vi.
Helga 22.-24. september starta vi opp i knallfint vêr. Tore med god hjelp av Trixi felde ein hjort nede på Solheimsberga.
Trixi stolt og fornøgd!
–Godt humør!
Mett og fornøgd…
Nokre dyr dreg vi ned
– og slaktar heima.
Andre jakthelga i månadsskiftet september-oktober vart like fint som den første.
Dyra kom uventa på posten, tverrvende og flykta.
Dyr som kom fram under jag og for opp i Bukkagjelet og vidare heim mot Teigen over Raunes.
Gode kameratar på tur!
David i godlag
Johannes tenkjer
Bjørn Øyvind sløkkjer tørsten.
Bjarte har kontrollen.
Og Kenneth har gliset og trofeet.
Nokre stadnamn i området rundt Teigen. Oppmerkinga er gjort på eit mobilbilete og basert på stadnamnarbeidet som er gjort for Guddal. Til neste år har vi tankar om å setja stadnamn på bilete frå større deler av terrenget.
“Johannesburg” er av ny dato og er gjeve til ein god post i Teigen der Johannes i mange år hadde god utteljing.
Avsluttar med eit bilete frå same staden som vi starta biletserien. Denne gong på jakt med hagla i midten av november.
Tusen takk for eit fint jaktår 2017 og takk for bidraga til bileta.