Bilete frå 2018

Bilete frå 2018

Viltkamera

Også sommaren 2018 hadde vi viltkameraet ståande i Lohaugen. Biletet nedanfor er eitt av desse:

UOVISION CAMERA

Helga 21.-23. september

Fredagen vart det jakta av gjestene i området Lohaugen-Teigen. Resultatet vart 5 dyr totalt!

Bjørn-Øyvind med ein kalv ikkje langt frå viltkameraet.

 

Johannes i godstrok.

Vått på fredag og vått på søndag.

På søndagen gjennomførte vi eit jag til Øvste Myr i litt surt og kaldt vêr. Vi såg bra med dyr, men skodda øydela litt for skytinga. Resultatet vart likevel ein fin bukk med 6 taggar.

Hyggjestund for Gaute og Kenneth under duken…

Helga 20.-21. oktober

Laurdagen fekk vi endeleg eit opphald frå regnet og vår første tur til Solheimslia denne hausten. Ok utteljing med to dyr. Det eine vart felt etter ettersøk med god hjelp av Trixie.

 

Her frå slaktinga

 

Helga 03.-04. november

Arne igjen i full gong med slakting. Kjempeinnsats av alle og 4 dyr skotne.

Med dette var jakta i 2018 ferdig.

Avsluttar med eit bilete frå rypejakta. Denne dagen var dalane fylde av skodde og berre toppane  stakk over. Det var heilt magisk å koma over skoddegrensa denne dagen. På biletet ser vi Solheimslia nærast. Ørnafjell og Nuten lengts vekk på det som ser ut som ei halvøy.