Bilete frå 2015
Jakta i 2015 gjekk greitt med 10 felte dyr av ein kvote på 11. Det kan sjå ut til at bestanden kanskje har auka noko i høve til dei to førre åra.
Nedanfor finn du ein del bilete som vart tekne i løpet av hausten.
Helga 11.-13. september var vi for første gang i Hildalen på hjortajakt. Som de ser var vi ganske høge på veg innover vatnet i båten…
Her ventar nokre av postarane utanfor hytta på at jagarane som vart skyssa heimover til Båtalende blir klare.
Jakta vart kort, men spennande. Ein 11-taggar vart frå båten observert på veg heimover. Den vart snudd av jagarane omlag ved Båtalendet. Den forsøkte å stikka opp i Rindabotn, men vart stoppa av postarane André og Olav. Den tok då over elva frå Helevatnet og kom rett i fanget på Tore.
Slakting i Hildal…
Magne var kokk og sørgja for prima middag etterpå.
Blåbæra var av den kortreiste typen.
Flotte dagar i Hildal
Andre jakthelga var 26.-27. september. Første dagen jakta vi i Solheimslia og fekk 4 dyr. Åsmund var effektiv og felde to av dei:
Søndagen jakta vi i Teigen, men fekk ingenting
Tredje jakthelga var 3.-4. oktober. Laurdagen jakta vi i Øvste myr og felte eitt enkelt dyr.
Jeger David
Siste jaktdato vart 18. oktober med jag i Solheimslia som resulterte i 4 felte dyr.
Jakta i 2015 gjekk greitt og vi unngjekk skadeskyting. Vêret var bra og innsatsen god. Takk for god jakt og godt lag.