Bilete 2021
Helga 18. – 19. september
Austmennene var på besøk og kom som vanleg med godt humør og entusiasme. Fredagen jakta dei i området rundt Lohaugen og fekk eitt dyr.
Laurdag var det jag til Øvste Myr og Arne var heldig under jaget og fekk ein bukk.
Her er Arne og Einar på veg ned lia.
Sundagen var det jakt i Teigen. Dårleg utteljing, men stemninga var god:
Samla sett fekk vi fem dyr denne helga og alle var samde om at det hadde vore “ein fin tur”
Helga 25. – 26. september
Laurdagen var vi på jakt i Solheimslia og Nils hadde ein av godpostane.
Bukkekvoten brukt opp, men denne karen fekk det likevel travelt forbi posten til Nils:
For så å passera posten til Bjarte:
For nedlasting: Passerer posten til Bjarte
Men utsikta stikk ikkje av:
Heima ved Arjurbekken låg den siste bukken på kvoten og vi samla oss der for slakting:
På laurdagen hadde vi kveldsjakt og felte då 4 dyr. Nedanfor eit bilete frå Langhaug teke like før sola gjekk ned.
Helga 9. – 10. oktober
Vi starta laurdagen med jag i Solheimslia.
Det vart nokre timar med venting, men kva gjer vel det i slike omgjevnader:
Dessverre fekk vi eit ettersøk, men med god hjelp av Kvinnherad ettersøkslag fekk vi heldigvis felt dyret til slutt. Dette kom ned på traktorvegen og vart delvis dratt langs denne:
Dette er tungt og stemninga var stor då vi til slutt fekk dyret ned til traktoren:
Helga 23. – 24. oktober
Ein liten video frå laurdagen:
Det var ein god del snø denne dagen, noko det var delte meiningar om blant jagarane.
å passar det bra med denne livsvisdomen frå Voss Lyrikklag:
Dersom du vel å ikkje gleda deg over snøen,
vil du ha mindre glede i livet,
men same mengde snø
Dette poenget har desse karane skjønt og humøret er på topp:
Helga 13. – 14. november
Siste helga vart gjennomført på ein roleg måte med jag til høgde med Øsphaug på laurdagen og jakt i Teigen på sundagen.
Avslutta bileta frå 2021 med eit bilete av Kenneth på posten sin i Øsphaug
Takk for i år!.