Bilete 2022
Helga 10. – 11. september
Som så ofte før var vi heldig med vêret dei fyrste jakthelgane i september.
David og Arne tek seg ein velfortent kvil ved Gamlestøl
Spennande med jakt.
Pikhydning felt i Teigen
Laurdag 24. september
Stemningsbilete:
Laurdag 15. oktober
Flott jaktdag i oktober med mykje dyr under jag til Øvste Myr. Fleire bukkar som brølte, men to færre i løpet av dagen.
Den fyrste vart felt av Einar. Ein ni-taggar.
Gaute og Jorunn kom til for å hjelpa.
Her den andre bukken. Gjett kven som er jegeren….
Denne andre bukken hadde vorteliknande utvekstar:
Vi tok kontakt med veterinærinstituttet for vurdering av dette. Tilbakemeldinga var at om hjorten er i normalt hald og elles ikkje har teikn til sjuktdom kan kjøtet nyttast. Sjå nettsida Hudvorter hjå hjortedyr (vetinst.no) for informasjon.
Filmsnutten nedanfor viser ei familiegruppe som passerer forbi Øvste Myr og som blir jakta på.
Dei fekk som de ser fart på seg og tok vegen vidare opp mot Kvamskult er Sveinung posta. Der filma han dei same dyra:
Tord (14) og Sigbjørn (15) var til god hjelp og drog heim ein kalv heilt åleine. Så tok dei fatt og slakta kalven stort sett på eiga hand. Men det var greitt med litt assistanse frå Bjarte undervegs.
Laurdag 29. oktober
Det har vore ein del kritikk på at nettsida berre viser sol og solskindagar.
Så vi får visa litt skodde òg:
Som de ikkje kan sjå jakta vi denne laurdagen også på Øvste Myr. Vêret kom seg etterkvar:
…og vi jakta til slutt tre dyr. Stemninga var difor på topp:
Sveinung felde ein kalv. Geir og Bjarte hjelp til med slaktinga:
Ein liten kaffikopp og utsikt utover dalen.
Her har karane slakta og pakka sekken, klar for turen heim:
Heime var det full rulle i skuret og trongt om plassen:
Denne dagen vart den siste organiserte jaktdagen i år. Takk for alle bileta!