Bilete 2023
Helga 09. – 10. september
Som så ofte før var vi heldig med vêret dei fyrste jakthelgane i september.
Fredagen vart det jakta av gjestene i området Lohaugen-Teigen. Resultatet vart 1 rev.
Laurdagen gjennomførde vi et jag i steikande sol opp til postane i Solheimslia. Det vart ikkje felt dyr på dagtid, men om kvelden skaut Johannes ein rev i jakttårnet.
Søndagen vart posterte vi på Øvste Myr.
Sigbjørn på post på Kvamskult
Tore var effektiv og felte eit dyr. Jorunn og Geir hjelper til.
Bjørn-Øyvind skaut ei eldre kolla og ein kalv. Johannes skaut ein kalv og eit ungdyr.
Helga 23. – 24. september
Dette året fekk vi nye gjester: Eirik, Henning og Simen.
Fredagen vart det fint vêr og gjestene var på snikjakt i Lobakkane/Lohaugen med Einar som guide. Einar sneik seg innpå 3 dyr i grasbakkane høgt innom Lohaugen. Uflaks gjorde at det ikkje vart felt dyr denne dagen.
På kvelden sat gjestene på forskjellige plassar på bøen, men ingen dyr vart observert.
Laurdagen vart det gjenomført jag opp til Solheimslia.
Vêret var litt varierande…
Men vi hadde likevel hellet med oss og Eirik skaut ein flott pik. Like etter kom det ei drift med mange dyr og Simen felte eit ungdyr.
På kvelden skaut Sigbjørn sin fyrste hjort frå jakttårnet under rettleiing av onkel Bjarte.
Søndagen vart det jaga til Øvste Myr.
Også denne dagen var Eirik heldig og felte ein pik i trakta opp frå Trombur.
Dyret blei slakta i terrenget og bore ned.
Tore og Tord posterte høgt oppe ved steinen på myra. Plutseleg kom det ei drift på 3 dyr over kanten frå Muradalen. Tore brukte ikkje mange sekundane på å legga 2 av dyra i bakken; ein kalv og ein liten 6-taggar bukk.
Helga 14. – 15. oktober
Arne&Co hadde eit jag i Gråhammarlia og hadde hellet med seg.
Helga 28. – 29. oktober
Jakt i Solheimslia. Samling ved kalven som Sigbjørn skaut:
Vi var heldige og felte fire dyr på jaget. Her har vi samla alle på veg ned frå Solheimslia:
Jegerane Sigbjørn og Tore:
Helga 18. – 19. november
Fredag: snikjakt inne med Tadnarden/Lohaugen i snør. Mykje dyr og trakk, men skaut ingenting.
Men Kenneth gav ikkje opp og felte ein kalv på Håramar. Her på veg ned om kvelden.
Laurdag: jag opp i Solheimslia. Ingen dyr
Søndag: jag opp til Gråholt/Osphaug. 1 pik, 1 ungdyr og 2 kalvar.
Sigbjørn fekk desse to karane 10 meter frå posten sin:
Men skjelven vart ikkje verre enn at han like etterpå felte ein kalv!
Sigbjørn med sin tredje hjort i karrieren. Det var ein fin hankalv på 32 kg:
Sundag 3. desember
Denne dagen tok gutane eit siste enkelt jag for sesongen. Sigbjørn filma desse karane:
Med dette er jaktåret 2023 over og vi går inn mot jula med litt vinterstemning.
Takk til alle som har bidrege med bilete. Kom gjerne med fleire!
Jon Fosse har nettopp får tildelt Nobelprisen i litterator og det passar fint å runda av med eit Fosse dikt:
Det mørknar
eg står og ser på dei to hjortane
og dei to hjortane står og ser på meg
lenge står vi slik
eg står urørleg
hjortane står urørlege
ikkje noko kan høyrast
ikkje ein vind i lauvet
det mørknar