Bilete 2025
Hildalsjakt 5.–7. september
Tord og Tord klare for jakttur i lag med Sigbjørn og Tore. “Guttatur” til Hildalen og jakthelg.
Laurdagen starta med kikring og postering
og med flott vêr
Postarane kom etterkvart på plass og Einar og Arne, som kom frå Guddal same dagen, starta jaget frå Båtlendet.
Dette var effektivt og Einar fekk til slutt denne 10-taggaren i fanget:
Ikkje lett å få denne karen ned til vatnet….
Litt rapperering på til
Ivrig ungdomar i gang med slakting i vòren, under kyndig rettleiing frå Tore
Arne fekk ei ungkolle på jaget innover
Det vart ei flott helg i Hildalen, men på sundagen må vi ta båten og reisa heim. Blide…:
Tung bør
Pust i bakken ved Lovatnet
Tøffe karar
Jakthelga 13.–14. september
Jakthelg med gjester. Utsikt frå Skeisvegen på veg til posting i Solheimslia
Endeleg oppe og sola skin
Grompost i Solheimslia
Det var dårleg utteljing denne dagen, men utsikta kan vi ikkje klaga på.
Planlegging av kveldsjakt
Vi gjekk for ei lett jakt i Teigen på sundagen. Det vart dårleg utteljing også denne dagen, men bileta nedanfor er i alle fall minne om ein fin dag likevel.
Jakthelga 4.–6. oktober
Porsgrunngjengen på veg opp Skeisvegen tidleg laurdag
Bjørn-Øyvind på post
Nils – Mr. Solheimslia 2025 – med ein 12-taggar:
Bukken var slakta på plassen og bore heim. Totalt 4 dyr vart tatt heim frå Solheimslia denne dagen.
Søndagsjakta vart i Teigen. Her blir karane skyssa med traktor opp i Eikovdedalane.
– Mr. Teigen 2025! Vart plassert på post på “Gautefall”
Per Håkon fekk ei kolle frå posten sin på Barnahaugen.
Og Sigurd ei kolle frå posten “Johannesburg”
Utsikt nedeover Teigen
Matpause etter avslutta jag.
God jakthelg med 7 dyr totalt.
Jakthelg 19.–20. oktober
Første jakthelga på Øvste myr
God utteljing og strålande humør!














































