Bilete frå 2007

Bilete frå 2007

Bilete frå  2007

Jakta i 2007 var veldig god med 16 felte dyr. Veret var ikkje like godt og det vart av den grunn teke lite bilete. Presentasjonen nedanfor er difor mangelfull.

Uansett er noko betre enn ingenting,- klikk  på bileta nedanfor for å sjå desse i full storleik i eige vindauga.

 

Helga 13.-15. september

Også i år kom venene våre frå Horten/Oslo over fjellet for å jakte saman med oss fyrste jakthelga: Stein, Terje, Håkon og Stian Johansen.

Alle fire gjestene fekk skote dyr og det vart i alt felt 8 dyr denne helga. Fire dyr vart felt i løpet av få minutt torsdagskvelden!  Diverre manglar vi bilete frå store delar av jakta men nedanfor ligg to bilete frå ein kalv skoten på Sareheio av Terje. Dette var den fyrste hjort til Terje men sikkert ikkje den siste.

Kalven vart henta med ny John Deere traktor, -ikkje utan stas for Guddalskarane. Frå venstre jegeren Terje, Håkon, Olav, Stian, Stein og Arne.

Som det seg hør og bør slaktar jegeren sjølv!

Helga 21-22. september

Drittver heile helga men gjestene våre frå Oslo og Porsgrunn kom med godt humør og den vanlege energien.  Som i fjor kom Nils og Bjørn Tufte og David Ramslien.  Ny gjestejeger av året var Johannes  Elgvin.

Det vart skote seks dyr og jakta vart avslutta laurdagskvelden.

Diverre har vi ingen  bilete frå denne helga, noko av skulda for dette må det nemnde veret ha.

  1. oktober

Jakta var avslutta i strålande ver og med Tore i tilnærma fri dressur med løyve til å skyta “stor bukk men ikkje kjempestor bukk”.  Resultatet vart ein 10-taggar og ein 8-taggar!

Slakting i Solheimslia. Frå venstre Geir, Harald, Gaute, Bjarte, Kenneth, Tore og Olav.

Pause og bålkos.

Frå venstre Tore, Olav og Geir.

Gaute i fint driv med bør på ryggen.

“Klassisk” motiv frå Solheimslia.

Knut på veg ned lia med god bør i godt ver.

Frå venstre Gaute, Geir, Tore og Kenneth.

Det var alt folkens! Ta kontakt om de har bilete som skulle vore med.