Guddal jaktfelt

Guddal jaktfelt

Guddal jaktfelt

 Organisering

Utsikt frå KvitebakkaGuddal jaktfelt inngår i det større hjortevaldet “Nuten hjortevald”.

Storvaldet Nuten hjortevaldet strekker seg frå Muradalen i Rosendal, rundt Malmangernuten og inkluderer Guddalssida i Guddalsdalen.  Frå og med 2018 er vi også med i  “Kvinnherad- Åkrafjorden bestandsplanoråde for hjort”, eit planområde som femner om storparten av Kvinnherad kommune.

Guddal jaktfelt er organisert gjennom laget Guddal Viltlag og består av grunneigarane i Guddal, totalt 8 stykk.

Dei fleste grunneigarane deltek i jakta, men jaktlaget inkluderer også ein del andre bygdefolk som jaktar på vegne av dei grunneigarane som av ulike grunnar ikkje deltar.

Terreng

Terrenget er av typisk vestlandsart med skogvokste bratte lier. Terrenget strekker seg frå om lag 60 m.o.h. til 600 m.o.h. Frå UTM koordinat 32 V 0333732 6651224 (datum WGS84)  går grensa til feltet rett opp lia til skogbeltet og vidare innover i dalen på nordsida av Guddalselva.

Eit utsnitt av aktuelt kartblad “Kvinnherad”, M711 blad nummer 1214 I finn du her. Koordinaten vist til ovanfor ligg rett ved bokstaven “e” i stadnamnet “Fæleberg”.

Terrenget har store landskapskvalitetar og gjev på fine haustdagar praktfulle naturopplevingar. Eit lite utval av bilete frå terrenget finn du her.

Folgefonna nasjonalpark vart etablert mai 2005 og inkluderer dei innerste delene av Guddalsdalsdalen som er felles utmark.

Botanisk er terrenget er prega av naturleg lauvskog med nokre plantefelt ovanfor innmarksbeita. Typiske artar er brake (einer), older (or), bjørk, hatl (hassel), osp, ask og  andre varmekjære sortar. I dei høgareliggjande delene av terrenget dominerer bjørk. Lia er tilvaksen med skog frå innmarksbeita nede i dalen til tregrensa ved fjellet.

Frå Noto på veg mot Lovatnet - ved grensa til Nasjonalparken

Dei mest jordrike områda i lågare delar av terrenget er prega av older og bjørkeskog. I området mellom gjødsla beite og høgareliggjande terreng finn ein nokre plantefelt som gjev dagkvileplassar for hjort som nyttar kulturbeite og innmark om natta. Postering under desse plantefelta ved trekkruter gjev gode sjansar til dyrefelling. Om lag halvparten av dyra blir skotne på innmarksbeite eller i terrenget rett over dette.

Høgare oppe i terrenget dominerer bjørkeskogen som blir meir og meir glissen til høgare ein kjem. Nær tregrensa ved fjellet finn ein nokre store myrar som også gjev opningar i skogen og som også blir brukt som brunstgroper. Ein god del av hjorten blir felt i desse opningane nær tregrensa. Hjorten blir her stort sett slakta og grovpartert på plassen og boren heim i sekk. Jakting i dette området krev god fysisk form og evne til å ta seg fram i brattlendt terreng. I tillegg til god og utfordrande hjortejakt er  belønninga for slitet her oppe  ei flott naturoppleving med flott utsikt utover bygda og Hardangerfjorden.

Innafor terrenget ligg  uframkomelege område med skreberg og rasmark. Hatl dominerer skogen i desse områda der botnen i stor grad består av mose og grasartar. Område med skreberg blir til ein viss grad nytta som fysiske hinder når ein brukar jag mot jegerar på post.

Feltet egnar seg godt til posteringsjakt, smygjakt og drivjakt oppe i terrenget. I tillegg er det gode sjansar ved postering rundt dyrka innmark (“bøajakt”).

Hjortebestand

Guddal ligg midt i den største hjortekommunen i landet, og ligg i dei mest sentrale hjorteområda i kommunen med ei tildeling  på eitt løyve per 350 da. Fellingsprosenten er nærare 100%.

Slaktevektene i områder er ikkje over gjennomsnittet noko som også kan forklarast ut frå den store tettleiken. På individnivå finn ein derimot ein del store hanndyr.