Innleiing

Innleiing

Hjortejakt

Guddal ligg midt i den største hjortekommunen i landet og er rik på hjort. Til liks med mange andre stader i landet har hjortestamma vore i sterk vekst dei siste ti-åra og jakta  har utvikla seg til å bli ein viktig aktivitet om hausten. Truleg har veksten flata noko ut i det siste og tilveksten ser ut til å vera nokolunde i balansen med uttaket.

Guddal inngår som eit jaktfelt i det større jaktvaldet “Nuten hjortevald”. Frå og med 2018 er vi også med i  “Kvinnherad- Åkrafjorden bestandsplanoråde for hjort”, eit planområde som femner om storparten av Kvinnherad kommune.

Guddal jaktfelt er godt organisert med eigne vedtekter og arbeider aktivt med å utvikle jakta vidare. Vi jaktar ein del hjort på heimebeita med individuell snikjakt og vi organiserer større jag mot jegerar på post 5-6 gonger i sesongen. Fellingsprosenten er god og ligg dei fleste åra på 100%.

Dei siste åra har vi inkludert ein del gjestejegerar i jaktlaget vårt.

Spørsmål og innspel til desse hjortasidene kan rettast til valdleiar Geir Olav Guddal

E-post: valdleiar@guddal.net